Om oss

 

Ikkje langt frå riksvei 13, ved Børve i Hardanger, ligg Alpen Brød. Her starta Edel Karin E. Alpen opp produksjon av brød og lefser i 2004.

 

 

 

Bakeriet ligg på eit middels stort vestlandsbruk med sau-hald og jolatre. Sjølve baksthuset ligg i kjellaren på årestova frå tidlig 1300 talet, der det er baking av baksteprodukter av ulik art: Brød, bollar og lefser.

 

 

 Brød frå vedfyrt bakarovn: Nokre fakta om ovnen og kapasiteten den har: - Ovnen er murt i eldfast stein, med eit magasin med sand. - Den vil kunna steikja ca. 30 brød om gongen, og det vil gå med omtrent 20 kg tørr ved til fyrste fyringa. - Det tar om lag to timar med fyring før ovnen er varm nok.